Den store skogbrannen i Mykland juni 2008

Skogbrann

Foto: Aftenposten

 

Ein uvanleg tørr skogbotn kombinert med sterk vind førte til at ein liten gneist frå ein skogsmaskin starta ein skogbrann i Mjåland skog i Mykland den 9. juni 2008. Brannen utvikla seg dei neste 4 – 5 dagane til å bli den største skogbrannen i landet i etterkrigstid. Fleire hundre mann frå Brannvernet, Heimevernet, Sivilforsvaret, Røde Kors og Politiet deltok saman med frivillige i sløkkingsarbeidet. Om lag 15 helikopter frå inn – og utland blei sette inn. Mest 80 personar blei evakuerte frå Mykland, Belland og Ytre Lauvrak. Skadane var enorme. Om lag 19.000 da produktiv skog gjekk tapt, ca. 40 % av dette var voksterleg og fin ungskog. Nokre skogeigarar miste det aller meste av skogen sin. 21 nyare hytter, 1 stabbur og 2 eldre skogshusvære brann ned. Kostnadene med sløkkinga kom på eit titals millionar kroner. Brannen var ei økologisk katastrofe. Men ingen menneskeliv gjekk tapt.

Utpå ettermiddagen måndag den 9. juni 2008 oppdaga Else Mjåland på den austre Mjålandsgarden ei unormal røykutvikling i eit skogområde på austsida av Mjålandsvatnet. Ho varsla straks mannen, Olav Mjåland, og melde samstundes frå til Østre Agder Brannvesen og til politiet om brann i skogen på Mjåland. Olav Mjåland tok straks kontakt med nokre lokalkjente folk som etter kvart møtte fram, og sjølv var han den fyrste som kom fram til brannstaden ved 16 – tida på ettermiddagen. Brannen hadde oppstått ved staden der vassdraget frå Myklandsvatna renn ut i Mjålandsvatnet. Her hadde Kile Skogsmaskiner A/S nokre dagar tidlegare begynt på ei skogsdrift for Olav Mjåland. Noko av tømmeret var alt då avverka og køyrt fram til bilveg ved riksveg nr. 42, men mykje tømmer låg enno felt, kvista og kappa i terrenget, klart for utkøyring med lassberar. Brannen starta der skogsmaskinen hadde køyrt, og ein meinte årsaka til brannen var at gneistar frå det tunge køyretøyet hadde tent på den uttørka skogbotnen. Gneistar kan oppstå når kjettingane gnissar mot stein og fjell. Maskinkøyraren og dei få hjelparane gjorde det dei kunne for å få kontroll på brannen. Brannen hadde då spreidd seg til begge sider av vassdraget, og dei klarte å sløkkja brannen på sørsida av Rolleivsåna. Men på nordsida av elva makta dei ikkje å få elden under kontroll.

 

Skogbrann

Foto: Aftenposten

 

Her breidde elden seg med vinden i austleg retning i bakkane oppover mot høgdedraget mellom RV 42 og Rolleivsåna. Ein frisk bris frå vest – sør/vest gjorde at brannfronten flytte seg raskt. 25 personar frå Østre Agder Brannvesen sitt mannskap i Froland, Moland og Åmli kom til staden frå 16 – tida om ettermiddagen. Dei strekte ut vann – slangar frå Rolleivsåna og frå ei bukt i Mjålandsvatnet, og med motorpumper sprøytte dei ut vatn på brannflata og langs ytterkantar av brannen. Arbeidet blei leia av brannsjefen for Østre Agder Brannvesen, Jan Kongsvik, og brannleiinga etablerte snart ein provisorisk administrasjonsbase på ein rasteplass på RV 42 vest for Myklandsdalen.

Den første brannstyrken arbeidde fram til vel midnatt og blei avløyst av 7 nye frå Åmli. Utpå kvelden stilna vinden og brannfronten kom til ro, sjølv om det framleis ulma og brann i humus, stubbar og røter inne på feltet. Då hadde brannen fare over om lag 500 da i Mjåland skog, og brannen tyktest å vere under god kontroll. Mot sør grensa brannområdet til Rolleivsåna, og i nord mot RV 42. Røyk frå brannen dreiv austover, og røyklukta kunne merkast langt vekke. Brannen var også gjort kjent gjennom media, og mange tilskodarar strøymde til. På RV 42 mellom Myklandsdalen og Mjåland sto tett av bilar.

 

index.php_

Foto: Otra IL

 

Tidleg tysdags morgon var det framleies klart, tørt og varmt ver. Utpå føremiddagen auka vinden på frå vest, innimellom kom vindkast med styrke opp mot frisk bris eller liten kuling. Og straks braut det igjen ut ope eld ei rekke stader, både inni brannfeltet og fleire stader langs ytterkantane. Den lille vaktstyrken med tillegg av nokre frivillige arbeidde på spreng med vannslangar og brannsmekkarar. Men brannen bare tiltok, og varmen blei etter kvart så intens at delar av fronten måtte rømast. Elden breidde seg med vinden i stor fart austover mot Myklandsdalen og Mykland. I yngre skog gjekk elden opp i furutoppane og hoppa frå tretopp til tretopp i stort tempo. Glør blåste 30 – 40 m med vinden. På kort tid var elden komen til Myklandsdalen, han hoppa fleire stader over riksveg 42 og rasa vidare austover mot Mykland både sør og nord for riksvegen.

Og fronten utvida seg i breidda. Mot sør hoppa elden over Rolleivsåna og for i stor fart mot hyttefeltet sør for elva. Dei fleste hyttene strauk med ganske raskt, og elden for vidare i sørleg retning mot Jurdalsknuten og Tofjellheia, på begge sider av Bustadvegen. Mot nord breidde elden seg på begge sidene av riksveg 413, på austsida i retning Slåttedalen og på vestsida i retning av Lauvrakstjønna. Vinden kom stort sett frå vest eller sør – vest, men somtid skifta han retning slik at nye område sto i fare.

Men det var hus og gardar på Mykland som no var mest truga. Litt etter kl. 17 på tysdag blei det gitt ordre om å evakuere alle på sjølve Mykland og dei som budde langs Åstveitvegen til og med Åstveit, i alt 49 personar. Då var heile Myklandsområdet røyklagt, og folk reiste frå heimane sine. Nokre tok inn hos familie og vener andre stader i fylket, andre reiste til Eikely i Froland der Froland kommune ordna med innkvartering, sengeplassar og mat.

Brannleiinga hadde no etablert administrasjonsbase i ein garasje i Heimly i sentrum på Mykland. Herfrå blei sløkkingsarbeidet leia, og mannskap og materiell som blei rekvirert var innom senteret på Mykland ved påtropping og vaktavløysing o.s.v. Det var difor stor aktivitet i Mykland sentrum den tida skogbrannen rasa, og køyretøy, brannslokkingsutstyr og brannmannskap fylte sentrum. Pressefolk og mediefolk strøymde til. Brannleiinga nytta seinare eit telt oppsett i området som administrasjonsbase. Helikoptera som seinare blei sett inn, hadde basar på Mjåland og på Bås.

 

froland_03

Foto: Aftenbladet

 

Utover tysdag kom brannmannskap frå fleire andre kommunar i Aust – Agder til Mykland, Sivilforsvaret stilte med personell og utstyr, og det kom mannskap frå Heimevernet. Dei hadde base på Hauglandsheia. Om kvelden kom 2 statlege skogbrannhelikopter, og det strøymde også til frivillige med 4- eller 6-hjulingar som var til svært god hjelp med å trekke ut vannslangar.

No blei innsatsen sett inn for å redde Mykland kyrkje og gardar og hus på Mykland. Det blei lagt ut slangar frå Bjønnåstjønna opp til kyrkja og gardane på Nedre Mykland, og til området ved Lille – Mykland og Åsen. Brannmannskapet lukkast i å stogge brannen ikkje langt frå muren på kyrkjegarden. To hytter på Bjønnåsvollen, eit hundre meter vest for kyrkja, gjekk med, likeeins stabburet i Åsen. Men dei andre husa i Åsen, husa i Lille – Mykland og dei fråflytta husa i Bjønnåsvollen blei redda. Revegarden, som ligg 150 m nord – vest for kyrkja, fekk bare unemneleg skade. Dei to gardshusa ovanfor kyrkja blei også redda.

Telefonkablane smelta mange stader, både lågspent- og høgspent- master blei øydelagde, og straumen fall ut i store delar av bygda. Etter ei tid plasserte Agder Energi ut aggregat der straumen var borte. Riksveg 42 blei stengt for gjennomkøyring mellom Svenes og Vegusdal.

Tysdagskvelden var brannen på ingen måte under kontroll. Hovudfronten mot aust var stansa ved Mykland, men til sidene for hovudretninga breidde elden seg både i sørleg og i nordleg retning. Då kvelden kom, stilna vinden, og elden flytte seg ikkje lenger so raskt, men han levde vidare. På sørsida flytte eldfronten seg sør for riksveg 42 mot Myklandsvatna og mot Hundsknappen og Hundsknappdalen. Vest for Bustadvegen blei elden stogga ved ein skogsbilveg til Solbergmyrane. Nord for RV 42 arbeide elden seg framover nord for Mykland sentrum og på begge sider av riksveg 413, mot Slåttedalen og Styggetjønn.

Onsdag blei ein ny dramatisk dag. Då hoppa elden over bekken mellom Saurdalsvatnet og Myklandsvatnet og tok fatt på Bellandsheia, nordover i retning av Belland og sørover i retning av Ytre Lauvrak. Om kvelden blei bebuarane på Ytre Lauvrak evakuerte. Brannen hadde no eit omfang som kravde ein større aksjonsplan av Østre Agder Brannvesen, og det blei rekvirert meir materiell og utstyr frå Sivilforsvaret, og 2 skogbrannhelikopter og 2 helikopter frå Forsvaret blei sette inn. Det kom også meir personell frå Sivilforsvaret og Heimevernet. Private kom med eigne traktorar med tankvogner og pumper. Eit eksempel på privat initiativ og innsatsvilje var dette: Svein Reiersen frå Evje køyrde med traktor, gjødselspreiar og ei 10.000 liters tankvogn til Ytre Lauvrak. I meir enn eit døgn sprøytte han vatn på eit område ved skogsbilvegen til Flekevatn og Saurdalsvatn. Mykje på grunn av arbeidet hans stansa brannen ved denne skogsbilvegen, og Ytre Lauvrak var utanom faresona.

Nord for Mykland kyrkje og gardane på Øvre Mykland breidde elden seg i Geiteryggen og Færåsen og truga husa langs Åstveitvegen mellom Mykland og Røyseland. Mannskapet klarte å stogge elden nær husa på Valle og Vallheim. Vidare nordover breidde elden seg mot Sledetjønn vest for Røyseland og seinare i Lauvåsheia i retning av Vorehei.

På austsida av riksveg 413 blei det onsdag etablert ei samanhengande frontstripe frå skogsbilvegen i Slåttedalen og austover i eit dalføre mot Sledetjønn og ned til Åstveitvegen sør for Røyseland. Her skulle brannen stoppast av bakkemannskap og helikopter, og det lukkast i stor grad, sjølv om brannen også kom litt inn i Lauvåsheia.

På vestsida av riksveg 413 var det ein naturleg front mellom Furebustøltjønn, Fisketjønn og Kvitilheia, eit område med fleire små vatn og samanhengande myrar. Det blei sprøyta på vatn på delar av denne fronten, men om morgonen dagen etter var alt av mannskap og materiell vekke. Utpå føremiddagen arbeidde brannen seg vidare nordover, og området mot Lauvrakstjønna låg ope for elden. Frivillige og nokre av brannmannskapet klarte å hindre at brannen hoppa over RV 413 og opp i Kvernhusheia..

Røykutviklinga var no så sterk at lukta kunne merkast i heile kystområdet mellom Kristiansand og Risør, seinare blei det også meldt at røyklukt frå skogbrannen i Mykland kunne merkast i Danmark.

Ei viktig oppgåve om torsdag var å sikre bustadhusa på Belland og Ytre Lauvrak. Bebuarane på Belland blei evakuerte om kvelden. Mesteparten av dagen var 3 helikopter i aksjon, og om kvelden kom i tillegg 5, slik at i alt 8 helikopter då var med. Dei konsentrerte seg om området på Bellandsheia, området Jurdalsknuten – Tofjellheia – Hundsknappen og om Lauvåsheia, der det var ein reell fare for at brannen kunne bre seg til Vorehei og truge sambandsmastene.

Tidvis hadde helikoptera problem med sikten på grunn av sterk røykutvikling, men dei var til uvurderleg hjelp i vanskeleg tilgjengelege område der det var mangel på bakkemannskap, og der det var stor avstand til vasskjelder. Utan helikopterinnsats hadde truleg skogbrannen halde fram i lang tid.

I løpet av torsdag tyktest situasjonen å vere litt lettare fordi mange frontar var under betre kontroll. Men innsatsen frå helikoptera heldt fram både fredag og laurdag, og ei tid var i alt 14 helikopter i aksjon. Det kom etter kvart nye mannskapsstyrkar frå Sivilforsvaret, Heimevernet og Brannvesenet for avløysing av mannskap som trong ein pause. Røde Kors stilte også opp for å hjelpe personar som hadde skadd seg. Fredag kom justisministeren og landbruksministeren saman med fylkesmann, fylkesordførar og politimeister til Mykland etter initiativ av ordførar i Froland, Sigmund Pedersen, for å bli informerte om storbrannen, og om fylgjer ein slik brann kan få for eit lite bygdesamfunn og for ein kommune. På ettermiddagen kom ei kortvarig og lett regnskur, og ho kjendest svært god.

Laurdag var brannen i hovudsak under kontroll sjølv om sløkkingsarbeidet heldt fram i brannområdet og vaktarbeidet om natta. Dei evakuerte på Mykland, Belland og Ytre Lauvrak kunne nå vende heim.

Søndag kom det nedbør, og det skjedde ei gradvis nedgradering og nedbemanning, sjølv om det framleis blei utført ettersløkking i brannområdet. Mykje av brannmannskapet kunne trekkast inn og permitterast Utpå måndag kom det meir regn, og det var ikkje lenger fare for at brannen kunne blusse opp på ny. Riksvegane 42 og 413 blei fyrst opna etter at det var utført hogst langs vegane for å sikre trafikantane mot vindfall frå ustabile tre.

 

Etter brannen

Etter kvart kunne mannskapa samla saman utstyr og reise frå Mykland og dei som hadde mist verdiar kunne skaffa seg oversikt over skade og tap. Forsikringsselskapa blei kontakta for å registrere skade på skog og bygningar. Brannen fekk også andre etterspel. Han avdekka store manglar ved skogbrannberedskapen generelt, både lokalt og på landsplan. Det blei straks etter brannen sett ned to utval. Eit hadde til oppgåve å gå gjennom alt som hadde skjedd med omsyn til leiing og gjennomføring av slokkingsarbeidet i Mykland og å peike på kva som kunne ha vore gjort betre og kva som må bli betre i framtida. Eit anna utval fekk som oppgåve å ta føre seg skogbrannberedskapen i landet generelt og komme med forslag om forbetringar.

Froland kommune kalla inn til eit allmannamøte på ungdomshuset i Mykland der alle fekk høve til å fortelje om korleis dei hadde opplevd brannen. Mange var kritiske til korleis kampen mot denne storbrannen hadde vore leia og ført, og undrast på korleis det kunne ha seg at ein skogbrann kunne få eit slikt omfang i vår tid med mykje teknisk utstyr til brannsløkking, i eit område med mange både små og store vatn, godt med offentlege vegar og med eit godt utbygd skogsbilvegnett.

Hovudkritikken mot leiinga var at det var gjort for lite for å hindre brannen i å spreie seg etter at brannen roa seg måndag kveld. Ein meinte også at lokalkjente folk skulle ha vore nytta i mykje større grad. Men også på andre punkt fekk leiinga kritikk. Dei lokale synspunkta kom med i referat og oppsummering etter møtet.

Agder-Telemark Skogeierforening tok seg av sal og omsetting av brannskadd virke og engasjerte mange skogsmaskinentreprenørar for å ta hand om det skadde tømmeret så fort som mogleg, spesielt det som kunne nyttast som sagtømmer.

Nokre skogeigarar tilbaud frivillig vern av delar av det brente skogarealet. Og Froland kommune sette seg i spissen for å få oppretta eit fond på 15 millionar kroner som skulle nyttast for tiltak i Mykland etter brannen.

 

Fakta om skogbrannen i Mykland, måndag 9. juni til sundag 15. juni 2008

 

Brannen øydela:

  • Om lag 27.000 da skog – og utmarksareal. Av dette var ca. 19.000 da produktiv skogsmark. Brent areal utgjør 10 % av skogarealet i Mykland. Brannskadd virke om lag 110 – 120.000 m3 brutto, eller om lag 3 gonger årlig tilvekst i Mykland. Skog på 12 eigedomar på Mykland, Belland, Ytre Lauvrak, Øvre Lauvrak og Mjåland. Nokre skogeigarar tapte det aller meste av sin skog.
  • 17 av 19 hytter i hyttefeltet i Myklandsdalen og 2 einslege hytter i same området.
  • 2 hytter på Bjønnåsvollen nær kyrkja, eit stabbur i Åsen, 2 eldre hytter/skogshusvære ved Myklandsvatna og 2 – 3 gamle utmarksløer.
  • Om lag 40 høgspentmaster og 40 lågspentmaster med ca. 450 m leidningar.
  • Mange telefonstolpar og leidningar.
  • Fuglar og dyr, spesielt yngre individ og andre som ikkje kunne kome seg vekk.

 

Mange personar deltok i redningsarbeidet:

  • Øste Agder Brannvesen med ca. 500 mann/økter frå 8 brannstasjonar.
  • 9 andre brannvesen med i alt ca. 250 mann.
  • Sivilforsvaret med ca. 800 mann/økter frå 7 sivilforsvarsdistrikt.
  • Heimevernet med ca. 500 mann/økter frå 5 heimevernsområde.
  • Røde Kors med ca. 20 personar pr. døgn.
  • Froland kommune ytte krisehjelp og anna bistand.
  • I alt 77 personar blei evakuerte frå Mykland, Åstveit, Belland og Ytre Lauvrak.
  • Ingen personar kom alvorleg til skade.
  • Brannvesenet stilte med sitt utstyr.
  • Sivilforsvaret stilte med ca. 50 vann – pumper og ca. 38.000 m slangar, sambandsutstyr , køyretøy og kjøkkenutstyr.
  • Heimevernet stilte med køyretøy.
  • Luftforsvaret via Hovudredningssentralen og helikopterselskap stilte med helikopter.
Linker: